Bestill time med SMS

Send til 2097:

STRANDEBARM fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

Se eksempel

STRANDEBARM 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding.

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer
Viktig informasjon om Koronaviruset

Tiltak ifm Covid-19

14. oktober 2020

Hald avstand minst 1 m til andre på kontoret og på venterommet

Om du har luftvegssymptom som sår hals, hoste, tungpust eller feber skal du ikkje koma inn på kontoret, men ta kontakt på telefon i forkant. Har du behov for legekontakt pga luftvegssymptom vil lege ta kontakt med deg og vurdera om du har behov for legetilsyn. Legekonsultasjon vil føregå på luftvegslegevakt på Kvam legevakt.

Du skal heller ikkje møta på legekontoret om du er i karantene.

Personalet utøver ekstra fokus på smittevern, med forsterka reinhald av kontaktpunkt, og handdesinfeksjon/bruk av hanskar i kontakt med pasientar. 

Digital dialog med fastlege

13. desember 2018

Digital dialog med fastlege på helsenorge.no er av IT-tekniske årsaker foreløpig ikkje tilgjengeleg ved Strandebarm legekontor. Om du kontaktar fastlegen din via helsenorge.no, vil meldingane gå til Norheimsund legesenter eller Helsebanken, avhengig av kor din fastlege jobbar utanom Strandebarm legekontor. Me er i kontakt med direktoratet for e-helse for å få til ei ordning der dette også kan brukast ved Strandebarm legekontor. Inntil dette er på plass, oppfordrar me om at dei pasientar som brukar Strandebarm legekontor ikkje nyttar digital dialog med fastlege. Reseptar og timebestilling kan som tidlegare gjerast på helserespons.