Digital dialog med fastlege på helsenorge.no er av IT-tekniske årsaker foreløpig ikkje tilgjengeleg ved Strandebarm legekontor. Om du kontaktar fastlegen din via helsenorge.no, vil meldingane gå til Norheimsund legesenter eller Helsebanken, avhengig av kor din fastlege jobbar utanom Strandebarm legekontor. Me er i kontakt med direktoratet for e-helse for å få til ei ordning der dette også kan brukast ved Strandebarm legekontor. Inntil dette er på plass, oppfordrar me om at dei pasientar som brukar Strandebarm legekontor ikkje nyttar digital dialog med fastlege. Reseptar og timebestilling kan som tidlegare gjerast på helserespons.