Attestar og sjukemeldingar
For å få utskrive attestar og sjukemeldingar må pasientar som regel ha time hjå lege for vurdering. Unntak kan vera forlenging av sjukemelding av kjende og kroniske problemstillingar, men dette bør avtalast med legen din i forkant.
Henvisningar til fysioterapeut, røntgenundersøkjingar og spesialist krev også at du bestiller time, med mindre du har avtalt noko anna med legen din.
Hugs at du må kontakta legen din medan du er sjuk for å ha krav på attest/sjukemelding som attestasjon på sjukefråvær. Om du ikkje kan få time same dag, er det då likevel dokumentasjon for når sjukdomen oppstod.